Vedtekter

VEDTEKTER FOR GAULDAL HISTORIELAG

Vedtatt: 7.1.1924.  Endra: 29.4.1929 – 27.11.1966 – 22.2.1986 – 31.1.1987 – 15.2.1992. 10.2.2018

§ 1

Gauldal Historielag vart skipa på Kotsøy 7. januar 1924 og omfattar bygdene som høyrer til Gauldalen og Rørosdistriktet. Laget har til formål å skape interesse for lokalhistorie, utbreie kjennskapen til vår kulturarv og arbeide for vern av kulturminne av alle slag. Laget vil løyse desse oppgåvene ved å gi ut årsskrift og skipe til møte og kurs om historiske emne. Gauldal Historielag samarbeider med andre lag og offentlege organ på dette feltet. Alle som er interessert i det kan bli medlemmer.

§ 2

Årsmøtet gjer vedtak om medlemskontingenten.

§ 3

Årsmøtet vel leiar og styre med personlege vararepresentantar. I styret skal det vera eit medlem frå kvar av kommunane Melhus, Midtre Gauldal, Holtålen og Røros. Funksjonstida for leiaren er eitt år, og for dei andre styremedlemmene to år. Vararepresentantar blir også valde for for to år, slik at dei følger valg av styremedlemmer. Årsmøtet vel valnemnd for neste årsmøte. Valnemnda skal vera samansett av tre medlemmer. Funksjonstida for medlemmene i valnemnda er tre år, slik at eitt medlem skiftes ut kvart år. Årsmøtet vel ein revisor og ein vararevisor for eitt år.

§ 4

Styret vel kvart år seg imellom nestleiar og sekretær, kasserar kan veljast utanom styret. For at styret skal vera vedtaksført, må minst 3/5 vera tilstades. Står røystene likt, gjer røysta til leiaren utslaget.

§ 5

Styret kan velja seg eit arbeidsutvalg på tre medlemmer.

§ 6

Styret skal tillyse årsmøtet med minst fjorten dagars varsel. Årsmelding, revidert rekneskap for siste kalenderår og budsjett for kommende år skal styret legge fram på årsmøtet. Årsmøtet blir halde i februar.   

§ 7

Når laget gir ut tidsskrift eller årbok, kan styret vera redaksjon. Styret kan og tilsette særskilt redaksjon utanom styret.

§ 8

Vedtak om vedtektsendring kan styret gjera når 2/3 av møtedelkakarane røyster for det. Framlegget må handsamast av styret og kunngjerast minst fjorten dagar føre årsmøtet.

§ 9

I tilfelle laget blir løyst opp og arbeidet lagt ned, skal midlane settast i bank, slik at dei kan nyttast til kulturelle tiltak i distriktet seinare. Sør-Trøndelag Historielag skal ha tilsyn med kontoen.

§ 10

Lagsprotokollar og anna skriftleg materiale av historisk verdi som historielaget eig, skal avleverast til Interkommunalt Arkiv (IKA) Trøndelag.